Bli med inn i isen

7000 år attende i tid

Kjøp billett

Kloden i istunnelen i Klimapark 2469.

Inn i isen

Kom og ta på 7000 år gammel is! Få steder kommer du tettere på is frå steinalderen, permafrost, fjellnatur og kulturhistoria vår.

Bli med inn i ein nær 400 kvadratmeter stor handhogd istunnel fylt med is-skulpturar og arkeologiske skattar. På vegen lærer du om jakthistorie, klimaendringar, tinande permafrost, smeltande snøfonner og dyra og plantane som overlev i dei barske fjella. Etter turen inn i den unike istunnelen, får du sjå nærare på isbreen Kjelbrean. Turane startar ved Juvasshytta ved foten av Galdhøpiggen.

Kjøp billett

istunnel

Opningstider 2023

Guida turar:
17. juni – 3. september:
klokka 10.30 og 14.00.

15. – 30. juli:
klokka 10.30, 12.00 og 14.00.

9.-10. september:
klokka 10.30 og 14.00.

Kle deg varmt og bruk fjellsko eller vintersko for ei utandørs oppleving 1800 moh. Temperaturen inne i istunnelen er på rundt 2 minusgradar.

Gratis for barn under 4 år.
Hundar må vente ute.

Kjøp billett

Galdhøpiggen

Kombinere med Galdhøpiggen?

Skal du til Galdhøpiggen i sommar? Kva med ein tur inn i isen dagen før, eller dagen etter? Klimapark 2469 og istunnelen ligg ved foten av Galdhøpiggen, berre ein kilometer frå Juvasshytta. Turen er tilgjengeleg for dei aller fleste og krever ikkje ekstra utstyr. Dagleg guiding heile sommaren.

Kjøp billett

Lær meir på Norsk fjellsenter

Sjå verdskjende fonnefunn i utstillinga Frose i tid på Norsk fjellsenter i Lom sentrum. I tillegg til å sjå eit 500 år gammalt hundeskjelett, Noregs eldste sko og eit over to meter langt spyd, får du møte ein mammut, sjå vikingfunn og kan leike deg med å forme landskap i sand og vatn eller få ein kalddusj i vêr-rommet. Du får 30% rabatt på inngangsbilletten på Norsk fjellsenter dersom du har kjøpt billett i Klimapark 2469.

KOPIHestekranie av en hingst fra Lendbreen i Breheimen. Trolig omlag 1000 +Ñr gammel. Med arkeolog Elling Utvik Wammer. -® Oppland fylkeskommune, Det brearkeologiske sikringsprogram

Verdskjende funn

Visste du at meir enn 2000 arkeologiske funn har smelta ut av isen i fjella i Innlandet dei siste åra? Blant dei er Noreg sitt eldste klesplagg, Noreg si eldste sko, eldste boge og fleire funn frå vikingtida. Funna fortel om tusen år gamal jakt, fangst og ferdsel. Sjå dei berømte funna i Klimapark 2469 og på Norsk fjellsenter, og lær meir på secretsoftheice.no.

Iskunst i verdsklasse

I istunnelen finn du både ein diger diamant, ei underleg klode, eit klima-arkiv og ein kinosal. Tunnelen er utforma og lyssett av skulptør og iskunstnar Peder Istad frå Molde. I 2019 opna dei tre nye romma, Diamanten, Kloden og Klima-arkivet. Resten av istunnelen er utforma med utganspunkt i Norrøn mytologi. Hit kjem du for å ause av Odin si kjelde til kunnskap, du vandrar under greinene til treet Yggdrasil og kan ake deg på ei sklie gjennom kroppen til sjølvaste Midgardsormen.

#klimapark2469

FØLG OSS PÅ